Bolivia

Bolivia

onsdag 10. mars 2010

BURSDAG, Sofie 20 år

Då var tenåringstidå mi øve, og eg har nå levd i 20 år. Fy søren som tida flyr. Bursdagen blei feira på 5-stjernes hotell suite i San Miguel, med fine middag på hotellet. Tårene spruta og nasen rant då Solveig begynte å fortella at hu hadde hatt kontakt med mamma og pappa. For eit sjokk!! Mamma hadde skreve eit fint dikt om 20 roser:

Tjue roser til Sofie, som er tjue år i dag

Tjue roser til ei jente, som for oss er heilt unik

Tjue roser til ein engel, som gir mykje av seg sjølv

Tjue roser for din ekthet, for at du er den du er

Tjue roser for din raushet, for at du har eit ope sinn

Tjue roser for din varme, som du gir til nær og fjern

Tjue roser for din visdom, ærleg framferd og kloke ord

Tjue roser for din iver, ståpå mot - om hjelp vil gi

Tjue roser for din stahet, for å få til det du vil

Tjue roser for det du brenn for, og å hjelpa der det brenn

Tjue roser for respekt du viser, ser det beste i kvar og ein

Tjue roser for din latter, glede spreier og gode ord

Tjue roser for din tålmod, om å lytta til far og mor

Tjue roser for dine vener, som nå lagar dag for deg

Tjue roser til ei fantastisk dotter, som er tjue år i dag



Lukke til med dagen og ta vare på alle venene dine Sofie!

I tilleg fekk eg 20 roser<3
 
Tusen takk til verdens beste foreldre!!
 
Smikka må på...
 
 
 
 
Fekk flammedrink og fin bursdag-sang

Tusen takk for ein fin bursdagsfest:)

Men festen var ikkje over på søndagen. Då blei det Ole Brum kaka på IDAI:)


nam nam...

Ingen kommentarer: