Bolivia

Bolivia

søndag 23. mai 2010

Pampas, Amazonas





Frå våre bratte fjellsider i La Paz reiste me med fly ner til Rurrenabaque, og pampasen. Kontrasstane i Bolivia er heilt utrulege. Bolivia har så masse forskjellig å by på, frå dekka kalde snøtoppar til tung, klam jungel. På veg ned med flyet, blei eg litt småstressa når eg ikkje kunne sjå flystripa, kor søren sko me landa? Flystripa bestod av ein fotball-bane og med eit lite hus på sida. Det var nesten ingen kontroll, og bagasjen blei henta på ei tralla.



Me blei henta av ein jeep, som skulle kjøra oss inn til sentrum. Overnatta ei natt, på eit koseleg hotell. Dagen etter stod me tidlig opp for å finna ein plass for å eta frokost. Tok litt lenger tid enn me hadde rekna med, så nokon måtte ta maten med. Turen bort til elva var jysla hompette og støvette. Den kvite toppen var ikkje akkurat kvit når me kom fram til elva. På vegen bort, som tok rundt 2-3 timar, måtte me stoppa og fiksa litt på bilen, og hjelpa ein anna bil med problemar.
















Blei nedstøva i bilen...





Båt-tuen på Yacuma elva, tok eit par timar, og var mindre sand-fyld enn bilturen, for å sei det mildt. Båt-turen bydde på eit yrande fugle-liv og mykje spennande å sjå. Blandt anna skilpadder, krokkoldillar, aligatorer og apekatter. Me stoppa for å ta oss eit bad med ROSA delfinar. De var ikkje lette å få auka på, men de var oppe på overflaten av og til for å visa at dei var der for å passa på oss fra krokkodillane og andre så sko få lyst til å eta oss. Hadde aldri trudd eg sko tørra å hopp uti, men jammen meg enda eg uti elva. Vra brunt og herligt :) Pulsen var høg og latteren var nervøs...



Vel framme til "eco-lodgen" vår, slappa me litt av før me tok elva fatt igjen og kjørte til ein plass for å sjå på solnedgangen. Sola gikk ned, og me trakk oss tilbake for å eta middag. Det var utrulig klamt og varmt. Det var ikkje lett å få sova under myggnettingen i ei klam, ekkel seng.  Itilleg levde flaggermusene sitt glade liv oppi taket. Vakna midt på natta og trudde det regna, men neida.. var bare flaggermusene som lekte.. mmm


Neste dag var det tid for anakondarjakt og piraya-fiske. Det enda utan hell. Vett ikkje om eg sko var glad eller trist for ta me ikkje fekk fangst..

Vår kjære krokkodille, som likte seg veldig godt der me gjekk av og på båten.


Då me ikkje brukte tida på oppdagelsesferd, tilbragte me tida i hengekøya.

søndag 9. mai 2010

Sykkeltur til Zongo:)

Fra Chacaltaya til Zongo


Helga etter me hadde vore i Argentina tok me oss ein sykkeltur fra Chacaltaya. Chacaltaya ligg på rundt 5600 m.o.h. oversatt fra aymara, som er eit av urbefolkninga sitt språk her, betyr Chacaltaya "kald veg".



Turen starta tidlig på morningen. Me blei henta på casaen og kjørt til El Consulado, der me fekk ein god frokost. Kjørte opp så longt me kom til Chacaltaya og gjekk dei siste 300 metrane til toppen. Kjente det godt på kroppen at me kom høgt opp, pulsen gjekk i hundre når me gjekk rolig opp, men når me hadde komt oss opp var det ikkje så gale. Vel nere igjen tok me på oss knebeskytterar, albuebeskytter, hansker og stor hjem. Sykklane blei stilt inn, og gjengen var klar til nedsykkling, fra 5300 m.o.h. Vegen bestod av is, snø, grus og jord. Det viste seg at Sofie hadde savna fart og spening veldig masse. Ein heil vinter uten ski under beina markast. På slutten stod eg krølla samen for eg hadde så vondt i armane, men gu for ein opplevelse.


4 av 5 kom seg opp


Eg satte meg lika godt på rompa på veg ned


Bolivia byr på den flottaste naturen. Naturen nøyt me når me stoppa opp for å samla troppen. Framføre oss sykkla ein guide og bakerst kjørte det ein følgebil. Me sykkla med eit byrå som heiter Topas.








Vegen var ikkje for sarte sjeler




























Godt med matpause. Til mat fekk me masse ris, litt kjøt og gode grønnsaker. Tampico og Cola til drikke.

Tøffe var me:)


Og heldige med været, når me kom ned til Zongo begynte det å regna.