Bolivia

Bolivia

onsdag 10. mars 2010

BURSDAG, Sofie 20 år

Då var tenåringstidå mi øve, og eg har nå levd i 20 år. Fy søren som tida flyr. Bursdagen blei feira på 5-stjernes hotell suite i San Miguel, med fine middag på hotellet. Tårene spruta og nasen rant då Solveig begynte å fortella at hu hadde hatt kontakt med mamma og pappa. For eit sjokk!! Mamma hadde skreve eit fint dikt om 20 roser:

Tjue roser til Sofie, som er tjue år i dag

Tjue roser til ei jente, som for oss er heilt unik

Tjue roser til ein engel, som gir mykje av seg sjølv

Tjue roser for din ekthet, for at du er den du er

Tjue roser for din raushet, for at du har eit ope sinn

Tjue roser for din varme, som du gir til nær og fjern

Tjue roser for din visdom, ærleg framferd og kloke ord

Tjue roser for din iver, ståpå mot - om hjelp vil gi

Tjue roser for din stahet, for å få til det du vil

Tjue roser for det du brenn for, og å hjelpa der det brenn

Tjue roser for respekt du viser, ser det beste i kvar og ein

Tjue roser for din latter, glede spreier og gode ord

Tjue roser for din tålmod, om å lytta til far og mor

Tjue roser for dine vener, som nå lagar dag for deg

Tjue roser til ei fantastisk dotter, som er tjue år i dag



Lukke til med dagen og ta vare på alle venene dine Sofie!

I tilleg fekk eg 20 roser<3
 
Tusen takk til verdens beste foreldre!!
 
Smikka må på...
 
 
 
 
Fekk flammedrink og fin bursdag-sang

Tusen takk for ein fin bursdagsfest:)

Men festen var ikkje over på søndagen. Då blei det Ole Brum kaka på IDAI:)


nam nam...

torsdag 4. mars 2010

Carnaval en Oruro



Det er ei stund sidan karnevallet i Oruro tok plass, men skal få med det eg huske fra det. Karnevallet i Oruro har røtter i både den indianske og katolske tro. Det ligge ein historiet bak det. Rutå til karnavallet går opp mot ei kjørkja, der ei jomfru-helgen held til. Inni er det bønn, mens utanfor er det full fest.

Kl.03.45 ringte vekkerklokka. På tide å komme seg opp og ut. Me hadde bestilt tur med eit boliviansk reiseselskap der det var 80% bolivianere med på turen. Me var to full-lasta bussar som tok fleire timar for å komma seg til Oruro.
Litt vanskelig å teikne på ein hompette busstur.

Me var vel framme i 11-tida, og det som møtte oss var stress om sitteplasser på tribunen. Me hadde billettar der det stod sitteplassane våre på, men der hadde nokre andre satt seg og dei ville ikkje fløtta seg. Men det gjekk seg nå til og til slutt fekk me plassane våre. Vel på plass, og før det, starta vann- og skomkrig. Og løye var det:) både gamle og unge var med...

Mellom alle vannballongane og all skommen kom det masse stilige kostymer både englar og djevlar og masse anna.

Med på opplegget vårt fekk me afrikansk musikk og dans som mellom-underholdning, når det var pause i toget. 


På dei opperste benkane satt me. Ja, det var høgt ner:S

Så kom mørket over Oruro

OL-ringane.



Det blei ein sein kveld i Oruro. Me var hima i La Paz i 2-3 tida igjen. Neste morgen var eg klar for nytt karvevall. Eg og Solveig møtte Paula, Pamela, Pamela og nokre andre på plaza Estudiante. Det krydde av folk.  Antrekket mitt for dagen blei den grønne pepino. På vegen opp mot karnevallet blei me litt sjokka over at folk gjekk runt med "slå-posar", som de gjekk å daska folk med. Var ganske skummelt i starten, men me overlevde. Me sneik oss inn i toget og dansa oss vegen ned igjen. Solveig fekk gjennomgå ein del. Er ganske grit å ikkje var så høg på sånne plassar.
Gjett om me var slitne når me kom tilbake på casaen...

Mine to flåtte karnevall-antrekk.