Bolivia

Bolivia

søndag 23. mai 2010

Pampas, Amazonas





Frå våre bratte fjellsider i La Paz reiste me med fly ner til Rurrenabaque, og pampasen. Kontrasstane i Bolivia er heilt utrulege. Bolivia har så masse forskjellig å by på, frå dekka kalde snøtoppar til tung, klam jungel. På veg ned med flyet, blei eg litt småstressa når eg ikkje kunne sjå flystripa, kor søren sko me landa? Flystripa bestod av ein fotball-bane og med eit lite hus på sida. Det var nesten ingen kontroll, og bagasjen blei henta på ei tralla.



Me blei henta av ein jeep, som skulle kjøra oss inn til sentrum. Overnatta ei natt, på eit koseleg hotell. Dagen etter stod me tidlig opp for å finna ein plass for å eta frokost. Tok litt lenger tid enn me hadde rekna med, så nokon måtte ta maten med. Turen bort til elva var jysla hompette og støvette. Den kvite toppen var ikkje akkurat kvit når me kom fram til elva. På vegen bort, som tok rundt 2-3 timar, måtte me stoppa og fiksa litt på bilen, og hjelpa ein anna bil med problemar.
















Blei nedstøva i bilen...





Båt-tuen på Yacuma elva, tok eit par timar, og var mindre sand-fyld enn bilturen, for å sei det mildt. Båt-turen bydde på eit yrande fugle-liv og mykje spennande å sjå. Blandt anna skilpadder, krokkoldillar, aligatorer og apekatter. Me stoppa for å ta oss eit bad med ROSA delfinar. De var ikkje lette å få auka på, men de var oppe på overflaten av og til for å visa at dei var der for å passa på oss fra krokkodillane og andre så sko få lyst til å eta oss. Hadde aldri trudd eg sko tørra å hopp uti, men jammen meg enda eg uti elva. Vra brunt og herligt :) Pulsen var høg og latteren var nervøs...



Vel framme til "eco-lodgen" vår, slappa me litt av før me tok elva fatt igjen og kjørte til ein plass for å sjå på solnedgangen. Sola gikk ned, og me trakk oss tilbake for å eta middag. Det var utrulig klamt og varmt. Det var ikkje lett å få sova under myggnettingen i ei klam, ekkel seng.  Itilleg levde flaggermusene sitt glade liv oppi taket. Vakna midt på natta og trudde det regna, men neida.. var bare flaggermusene som lekte.. mmm


Neste dag var det tid for anakondarjakt og piraya-fiske. Det enda utan hell. Vett ikkje om eg sko var glad eller trist for ta me ikkje fekk fangst..

Vår kjære krokkodille, som likte seg veldig godt der me gjekk av og på båten.


Då me ikkje brukte tida på oppdagelsesferd, tilbragte me tida i hengekøya.

søndag 9. mai 2010

Sykkeltur til Zongo:)

Fra Chacaltaya til Zongo


Helga etter me hadde vore i Argentina tok me oss ein sykkeltur fra Chacaltaya. Chacaltaya ligg på rundt 5600 m.o.h. oversatt fra aymara, som er eit av urbefolkninga sitt språk her, betyr Chacaltaya "kald veg".



Turen starta tidlig på morningen. Me blei henta på casaen og kjørt til El Consulado, der me fekk ein god frokost. Kjørte opp så longt me kom til Chacaltaya og gjekk dei siste 300 metrane til toppen. Kjente det godt på kroppen at me kom høgt opp, pulsen gjekk i hundre når me gjekk rolig opp, men når me hadde komt oss opp var det ikkje så gale. Vel nere igjen tok me på oss knebeskytterar, albuebeskytter, hansker og stor hjem. Sykklane blei stilt inn, og gjengen var klar til nedsykkling, fra 5300 m.o.h. Vegen bestod av is, snø, grus og jord. Det viste seg at Sofie hadde savna fart og spening veldig masse. Ein heil vinter uten ski under beina markast. På slutten stod eg krølla samen for eg hadde så vondt i armane, men gu for ein opplevelse.


4 av 5 kom seg opp


Eg satte meg lika godt på rompa på veg ned


Bolivia byr på den flottaste naturen. Naturen nøyt me når me stoppa opp for å samla troppen. Framføre oss sykkla ein guide og bakerst kjørte det ein følgebil. Me sykkla med eit byrå som heiter Topas.








Vegen var ikkje for sarte sjeler




























Godt med matpause. Til mat fekk me masse ris, litt kjøt og gode grønnsaker. Tampico og Cola til drikke.

Tøffe var me:)


Og heldige med været, når me kom ned til Zongo begynte det å regna.

lørdag 24. april 2010

Argentina

Bønder i byn "say no more"

28 Mars bar turen til Argentina, uten noken særlige planar. Eg og Per Gunnar fant ut nokre dagar før at me måtte få max utav påske-ferien vår. Då blei det Argentina, med håp om å reisa til eit skitrekk og reisa på hval-safari. Detta blei reiså vår i Argentina, Buenos Aires:

Kl.24.00 reiste me opp til flyplassen der me tilfeldigvis møtte Stig som skulle hente nokre gjester til casaen. Før me reiste var ei av våre kjære medvolontører blitt ganske dårlig. Hu reiste til legen for å sjekka opp i kva det kunne være. Når me møtte Stig var hun blitt lagt på oprasjonsbordet for blindtarmbetennelse. De har heldigvis veldig gode legar her, så hu var i gode hender.

Me var framme tidlig på morningen i Argentina. Bestile ein taxi, som kjørte oss til Tucuman 2020, der me leigte leilighet. Å sånn såg den ut



det var og eit kjøkken og ein sovesofa, men det blei det ikkje bilde av. Leiligheten leigte me av ByT Argentina. veldig greit firma.

Søndag gjekk til med å bli kjent med den offentlige trafikken. Heilt noke anna enn minibussane i La Paz. Der gjekk det skikklige bussar og undergrunn (subte). Ut på dagen kom me oss til San Telmo, der det er søndagsmarked. Utrulig masse kule antikiteter der og masse liv. Me fekk beskjed om å ta med oss minst mulig pga av masse stjeling. Dermed er det ingen bilder der i frå. På kvelden kom me oss til Palermo Hollywood der me åt. Så var det det å komma seg him igjen. Kom oss him til slutt. Er ikkje lett å vær bøder i byn.

Mandagen reiste me til ein farm for å sjekka ut bondelivet i Argentina. Der var me på ein ridetur og ein hest med kjærra tur.  Etter på var det mat med folkålore. Til slutt var det ein hestakonkurranse.


Her Blei maten tilberett.
















Trudde detta var alt me fekk, men etter kvart kom det kylling og div andre kjøtt. Til farme opphaldet fekk me så masse drikka me ville ha. Hadde ein franskmann på sida av meg som likte å følla glasset mitt med vin. Heldigvis var me i lågladet, ellers hadde eg gått på ein smell ja.




Alle skal med.



Her var greia at dei skulle treffa ein liten ring, med ein liten pinne. Han med kvit hest traff felst gonger, og eg fekk ring av han og kyss på kinnet:)


Tirsdagen reiste me til Tigre, der det renn ei elv. Desse to turane vart booka med ByT Argentina. Var på båttur i Deltane og åt pasta og kylling etter på. Pastaen kunne ein tru var eit dyr som kom fra elva... Så bar turen heim att.



Me kjørte forbi masse stilige hus, forskjellige båter, som butikk båt og taxi båt. Etter me kom tilbake til leiligheten var det rett opp på taket å sola seg. Og slik fortsatte onsdagen...











Torsdagen og fredagen brukte me på å sykkla rundt til forskjellige turist-attraksjonar. Me leigte sykklar av bike tours, som var velig greie. I staden for å betala 30 US$ for ein guida tur, betalte me rundt halvparten for å ha sykklane i to dagar.

Lørdagskvelden var me klare for TANGO SHOW. Det var awsome:) fy søren som dei kunne dansa og synga. Var og med eit folkolore innslag. Det var ikkje lov å ta bilder eller filma showet, så det var jo litt kjiipt. Men det blei litt filming fordeom;)

Søndagen var me klare for Boca kamp. Me kom oss ikkje lengre enn til der me sko levera billetten... Resten av dagen gjekk til å kjikka rundt om kring og åt biff. Biffen og ølet i Argentina er det besta eg vett om. Kunne lett reit tilbake pga av det. mmmm..








Mandagen var me klare for å besøka eit nytt land, Uruguay. Då gjekk turen til Colonia, ein time med båt frå Buenos Aires. Litt lenge å var på ein liten plass der alt er gjort på to sek., om ein ikkje likar museum og slikt. Så det blei ein del død tid, men me fekk oss ein båttur og kontakt med vatten:)





Det var mongen tøffe gamle bilar i Colonia

Me fekk med oss ein fin solnedgang

                                                                      Tassen som passa på oss

Tirsdagen var me klare for him-reise. Planen var å bruka resten av pengene på shopping, men det viste seg at eg ikkje fekk tatt ut meir penger. Så då blei det heller å sjå Barselona knusa Arsenal, PG var ikkje akkurat så blid då nei. Turen him gjekk fint. Var godt å komma him til casa senga:)

P.S. fullt lov å kommentera