Bolivia

Bolivia

søndag 9. mai 2010

Sykkeltur til Zongo:)

Fra Chacaltaya til Zongo


Helga etter me hadde vore i Argentina tok me oss ein sykkeltur fra Chacaltaya. Chacaltaya ligg på rundt 5600 m.o.h. oversatt fra aymara, som er eit av urbefolkninga sitt språk her, betyr Chacaltaya "kald veg".



Turen starta tidlig på morningen. Me blei henta på casaen og kjørt til El Consulado, der me fekk ein god frokost. Kjørte opp så longt me kom til Chacaltaya og gjekk dei siste 300 metrane til toppen. Kjente det godt på kroppen at me kom høgt opp, pulsen gjekk i hundre når me gjekk rolig opp, men når me hadde komt oss opp var det ikkje så gale. Vel nere igjen tok me på oss knebeskytterar, albuebeskytter, hansker og stor hjem. Sykklane blei stilt inn, og gjengen var klar til nedsykkling, fra 5300 m.o.h. Vegen bestod av is, snø, grus og jord. Det viste seg at Sofie hadde savna fart og spening veldig masse. Ein heil vinter uten ski under beina markast. På slutten stod eg krølla samen for eg hadde så vondt i armane, men gu for ein opplevelse.


4 av 5 kom seg opp


Eg satte meg lika godt på rompa på veg ned


Bolivia byr på den flottaste naturen. Naturen nøyt me når me stoppa opp for å samla troppen. Framføre oss sykkla ein guide og bakerst kjørte det ein følgebil. Me sykkla med eit byrå som heiter Topas.








Vegen var ikkje for sarte sjeler




























Godt med matpause. Til mat fekk me masse ris, litt kjøt og gode grønnsaker. Tampico og Cola til drikke.

Tøffe var me:)


Og heldige med været, når me kom ned til Zongo begynte det å regna.

Ingen kommentarer: